Gudrun Gjukadóttir
Burgundernes Gunnar, Högni og Guttorms søster, gift først
med Sigurd Fafnesbane. Etter mordet på denne giftet hun seg
med Atle, som hun drepte med egen hånd som hevn for at han drepte
hennes bror. Hennes tredje make ble kong Jonaker, med hvem hun fikk
sønnene Hamder og Sörle, som ble drept i goterkongens
hall når de krevde søskenhevn for Svanhild på kong
Ermanarik (Jörmunrek). Gudrun tok så livet av seg.
FornNordiskt Lexikon
Sigurd rid vidare med gullskatten sin, og kjem fram til kong Gjuke,
som har eit rike sør for Rhinen. Han er gift med Grimhild den
trollkyndige. Dei har sønene Gunnar, Hogne og Guttorm, og dottera
Gudrun. Grimhild gjev Sigurd ein trolldomsdrikk for å få
han til å gløyme Brynhild. Deretter blir Sigurd gift
med Gudrun.
Gunnar frir til Brynhild, som er syster til Atle og dotter av hunarkongen.
I det fyrste hundreåret etter Kristi fødsel vandra burgundarane
sør- og vestover til grensene for Romarriket. Der tenestegjorde
dei som hjelpetropper i den romerske hæren. Dei grunnla eit
mektig kongedøme, som på 400-talet strekte seg fra Rhinen
til Donau, med eit hovudsete i Worms.
I denne perioden trengde hunarane vestover mot det romerske riket.
Under kong Attila, Atle i eddadiktinga, sigra dei over burgundarane
i 437, og drap alle medlemmene av kongehuset. Attila døydde
sjølv i 453, natta etter at han gifta seg med ei germansk kongsdotter.
Somme tradisjonar vil ha det til at ho myrda han.
Kong Jormunrek i den skandinaviske tradisjonen er identisk med austgotarkongen
Ermanaric, som døydde i 376. Kong Didrek af Bern er identisk
med austgotarkongen Theodoric, som herska over Italia 493-526.
I ei burgundisk lov frå rundt 500 blir dei tidlegare kongane
Gibica, Godomar og Gundicarius nemnde. Desse namna svarar til Gjuke,
Guttorm og Gunnar i den skandinaviske tradisjonen. Gundihari blei
drepen i 437, i det avgjerande slaget mot hunarane.
Den fyrste delen av segnkrinsen, om Sigurd og hans bedrifter, ser
ut til å ha ei tilknytning også til Sverige, og særleg
Danmark. Etter den skandinaviske tradisjonen fekk Sigurd og Brynhild
ei dotter, som seinare blei gift med den danske segnkongen Ragnar
Lodbrok, som skal ha levd på 800-talet. Han skal vere ein av
forfedrane til Harald Hårfagre. På denne måten blir
Sigurd knytt både til den danske og den norske kongsslekta.